Forfattaren av denne teksten skriv om det å ha to identitetar – den ho var fødd med og den ho fikk etter at ho blei sjuk.
I eit forsøk på å finne identitet på internett lyser det plutseleg mot meg oppe frå venstre side:
Leitar du etter identitet? Finn identitet med meir på L Søk. Ingen virvar, kun svar. L- Gå og Få Det!
Eg trykker på linken Beklager, ingen treff funnen på nøkkelord: ( identitet )
Identitet er ikkje så enkelt å finne eit svar på. Heller ikkje så enkelt å forklare.
Eg må bruke mine eigne erfaringar. Mine og andre sine erfaringar er jo også godt nok. Når eg tenker over det er kanskje det den beste kjelda, fordi same kva vi sit med av ulike erfaringar er det alltid noko som er felles; Det får oss til å føle eitkvart. Og denne kjensla vi oppdagar i oss sjølv går igjen som eit ekko hos alle andre. Slik har eg også følt det.
Vi er ulike personar som har ulike erfaringar, likevel kan vi snakke om å kjenne det på same måten, er ikkje det utruleg? Og gjennom alle desse fysiske laga vi ber på, og laga av kjensler vi sit med, ligg vår identitet og formar oss. Alle veit kva det er, men få kan fullt ut forklare kva som ligg bak.
I ordboka er identitet knytt til personlegdommen til eit menneske.
Personlegdommen – den du er, både inni og utanpå. Klart du har tankar om deg sjølv. Tankar som formar sjølvbildet.
Så snakkar vi om roller. Vi oppfører oss annleis i ulike situasjonar og møter.
Det er også oss.
Det er den same oss heile tida.
Eg er meg sjølv, men eg er så mange ting.
Og midt opp i alt skal vi finne vår plass i samfunnet.
Eg vil gå forbi alle rollene.
Eg skal fram til noko anna. Til ei splitting av identiteten.
Ei utvikling av to identitetar.
Kva ligg det i dét?
Eg vart fødd som noko anna enn det eg enda opp som. Det er døme på ein identitet som utviklar seg, men som utviklar seg annleis enn først tenkt. Same kva, er det her berre snakk om ein identitet.
Ved ei utvikling av to identitetar har det oppstått eit traume. Ved sidan av den identiteten du vart fødd med og seinare utvikla som deg sjølv, oppstår ein annan identitet som også er ein del av deg, og som andre oppfattar deg med, men som likevel ikkje er deg sjølv. Det er ein del av deg, men det er ikkje deg sjølv.
I mitt tilfelle deler eg det opp i ein frisk identitet og ein sjuk identitet der det er ein kamp mellom disse ” den friske meg ” og ” den sjuke meg ”. Det gjer vondt å bli oppfatta som ein diagnose når eg sjølv kjenner meg som den jenta eg er. Det er dette som fører til ein splitta personlegdom / identitet der diagnosen blir oppfatta som ” meg ”, og eg lenger ikkje veit kven ” eg ” er.
Då beina mine vart lamme og eg brått måtte fortsette livet som rullestolbrukar, begynte eg å sjå meg sjølv gjennom andre sine auge. Eg var ikkje lenger ein person, men eg var ei funksjonshemming.
Alt fokus på meg sjølv frå dei rundt meg var på det som var feil med kroppen min, og det som ikkje fungerte som det skulle. Eg måtte ha lange sjukehusopphald der alt var konsentrert om den sjuke kroppen min, hjelpemiddel, fysioterapi, dotrening, trening med av-og påkledning.
Det var ikkje berre slik at eg som barn måtte ta stilling til min eigen kropp på ein annan måte enn det funksjonsfriske barn gjer. I tillegg erfarte eg også i tidleg alder at mange hadde eit forhold til kroppen min, og alt var til mitt eige beste for å få best mogleg utgangspunkt til den best moglege rehabiliteringa. Derfor var det også vanskeleg for eit barn å protestere.
Eg protesterte aldri på å kle av meg framfor eit team av diverse legar, studentar og pleiarar. Rett og slett fordi eg visste at eg måtte. Det var nødvendig, og eg visste godt at det var for mi eiga skuld. Visste at for at dei skulle hjelpe meg måtte dei sjå kva dei hadde med å gjere. Før eg var åtte hadde eg stått halvnaken framfor ein sal full av studentar fordi eg var eit interessant medisinsk tilfelle som dei kunne lære noko av. Eg! Ein interessant person desse kvitkledde kunne sjå på, og lære noko av! Eg kjende meg på same tid både utvald og klar til å forsvinne ned i golvet.
Etter sjukehusopphalda kom eg tilbake –heim- til ein kvardag der klassekameratane mine hadde gått vidare i livet. Dei hadde gjort andre erfaringar i lag, og det var vanskeleg å dele mine erfaringar med dei for det var ei heilt anna verd. Eg kjende meg veldig utanfor og grua meg til kvar skuledag.
Dette gjorde at den friske identiteten min vart svekka, samtidig som identiteten som funksjonshemma blei styrka. Den einaste plassen eg fekk gjeve uttrykk for ønska og draumane mine, var når eg leika for meg sjølv. Det vart ein sjølvmedisinering der eg fylte meg sjølv med tankar eg hadde inne i meg men som eg ikkje trudde eg kunne seie til nokon. For inne i meg var eg framleis den same. Men det var det ingen andre som kunne sjå.
Frå den gongen og fram til i dag har kvar gong eg blir inkludert og sett som den eg er, styrka den friske identiteten min. Det er det som gjev balansen til dei fysiske hindringane eg møter og som er med på å understreke det sjuke og alt som eg kjenner er feil med meg. Det viktigaste for meg er at den friske identiteten er så styrka at den kan løfte meg opp og gjere meg sterk nok til å vere glad i meg sjølv.
For eg har endeleg latt meg få lov til å ha ulike identitetar. Med ein gong eg innsåg at det er slik eg er, og eg ikkje lenger prøvde å presse meg inn i ei form som ikkje passa, kunne eg tillate meg å like meg sjølv på grunn av den eg er, i staden for på tross av!