For familier med barn som har nedsatt funksjonsevne eller kronisk sykdom
Skriftstørrelse a a a
Temaer

Bok om eigen identitet

Bilde Illustrasjonsfoto
”Det som ingen ser” er ei ærleg og gripande forteljing om Anne-Pia som sit i rullestol, men som er så mykje meir enn stolen.

Dette er ei forteljing om kjensler og søking etter eigen identitet.

Så mykje meir enn rullestolen...

"Eg hugsar det ikkje. Prøver å tenke tilbake, men eg klarar ikkje å finne tilbake til akkurat dette punktet ... då eg vart lam. Endringa skjedde gradvis, men der er likevel eit visst tidspunkt då det hende."

"Niande januar 1988. Det eine minuttet stod eg på beina, minuttet etterpå klarte eg ikkje å kome meg opp frå sakkosekken."

Funksjonshemma og pårørande

Unge funksjonshemma kan nok kjenne seg igjen i mykje av det forfattaren skildrar. Boka retter seg og til helsepersonell, samt alle som jobbar med barn og ungdom. Uansett om dei har ei funksjonshemming eller ikkje, har barn og ungdom tankar om kven dei er som menneske.

”Det som ingen ser” er ei bok for alle som bryr seg om andre, og som ønsker å få eit større perspektiv på livet, skriv pressemeldinga.

Forfatteren Anne-Pia Nygård, fødd i 1977, bur på Sandane i Nordfjord. Ho har ein bachelorgrad i nordisk språk og litteratur samt engelsk grunnfag, og er halvveges gjennom mastergrad i nynorsk skriftkultur.

”Det som ingen ser” er hennar første bok.

 


Sist oppdatert: 29. september 2011
0 kommentarer (Vi svarer ikke på spørsmål stilt her)
Hva mener du?
   

KONTAKT

Nettredaktør: redaktor@familienettet.no

Nettstedet drives av Barne, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
Telefon: 466 15 000 (08.00-15.45)
Telefaks: 22 98 01 06
post@bufdir.no
Organisasjonsnummer: 986 128 433
Besøksadresse: Stensberggata 27 (7. etasje)
Postadresse: Bufdir, Postboks 8113 Dep, 0032 Oslo

ANSVARLIG REDAKTØR

Anne Kristine Due-Sørensen

NETTREDAKTØR

Maria Dahl